bmsm
Sosiale Medier

Share your talent, share your gift.

10. april, 2011 av

Det er mange fotointeressera som ikkje finn blogging som heilt sin greie, og vil heller vise fram verka sine på ein nettstad med mange besøkande. Kanskje ein óg er på utkikk etter konstruktiv kritikk og inspirasjon? I dette innlegget kjem det nokre forslag til kva nettsider ein kan bruke.

Flickr er nok giganten når det gjeld å publisere bilete. Det er nok denne nettstaden folk flest kjenner til. Flickr er brukarvenleg, stilreint og sidan det har såpass mange brukarar så er det ein fin stad å få konstruktiv kritikk på det ein legg ut.

Weheartit.com. Alle har vel bruka denne nettstaden som ressurs eller inspirasjon ein eller annan gong i bloggarkarriera. Er du ukjend med denne sida så fungerar den slik at du opprettar ein profil der du legg ut bilete. Viss andre medlemmar likar bileta dine så kan dei “hearte” dei.

DeviantArt er eit heilt internetbasera samfunn dedikera til kunst og ressursar. Her kan du poste all type kunst og få dei vurdera, kommentert eller kritisert. Mange av dei meir ”fancy” funksjonane må ein rett og slett betale for i eit såkalla Premium Membership, men ellers er DeviantArt ein god stad å vise fram kunsten sin.

SheezyArt: Eg kom over denne nettstaden for nokre dagar sidan og så langt virkar det som ein heil O.K stad å publisere kunsten sin på. Framsida er oversikteleg og enkel, kanskje litt for enkel. Det liknar veldig ein forenkla versjon av deviantart.com.

Foto.no er eit nettsamfunn for norske fotografar, alt frå amatørar til profesjonelle. Her kan du legge ut bilete, diskutere i forum og få tips og råd frå fotografar som har litt peiling på ein ting eller to.

Som sagt, lista ovanfor er kun forslag til nettstader ein kan bruke. Det er framleis tusenvis av andre nettstader ein kan bruke der ute.

20 år gamal jente, fødd og oppvaksen i Telemark. Bloggar om livet som internasjonal student ved University of Stirling, Skottland.

Les alle innlegg av

2 kommentarer

  1. Anne Katja sier:

    Fine tips! Jeg har selv blogg, flickr- og foto.no-bruker.

  2. Nina sier:

    Jeg har vært medlem på DeviantArt siden før Flickr først ble kjent, og har liksom aldri helt byttet over til Flickr. Weheartit er fint, men jeg blir så lei av blogger som bare bruker bilder derfra i hvert eneste innlegg, og uten å linke direkte til brukeren som bildet kommer fra, men bare oppgir “weheartit” som kilde..:P

Skriv en kommentar