DSC_0237bwbm
Utlandet

I like dreams of the future better than the history of the past

27. mars, 2011 av

Eg har aldri vore så livredd noko gong som då eg stod på Sandefjord Lufthavn Torp 12.09.10 med heile livet i ein einaste duffel bag. Mamma og pappa blei att i heimbygda, mens eg starta på ei turbulent reise mot mi eiga framtid. Eg var klar for å flytte til Skottland og studere der i heile fire år. Og no, som eg sit her på rommet mitt og er midt i mitt andre semester, så kan eg med handa på hjartet sei at eg ikkje angrar eitt sekund. Alle bører, slit og vondskap frå heimlandet betyr ikkje så veldig mykje lenger og ein kan starte på nytt. Eg har blitt kjend med nokre fantastiske folk, fått kjennskap til ein kjempekoseleg by og eg får studere noko som interesserar meg. Eg er rett og slett heldig.

Saken er slik at eg veit korleis det er å vera redd når ein må ta eit vanskeleg val og ta store steg ut i den skumle verda. Dei beste tipsa eg kan gje dykk som vurderar å studere i utlandet  (kan vel óg brukast ved utdanning heime i Noreg óg) er:

  • Kom i kontakt med ein organisasjon som er villig til å hjelpe deg. Eg bruka organisasjonen Across the Pond, og dei har vore ei utruleg stor hjelp og støtte.
  • Start tidleg med alle prosessar. Så fort du har bestemt deg for kvar og kva du vil studera, sett prossessen i gong.
  • Kom i kontakt med Lånekassa og undersøk om den utdanninga du har sett deg ut vil bli gjeven støtte.
  • Ha ein dialog med skulane, organiser besøk om mogleg (er ikkje eit kjempe-must, men det hjelper mange å bestemme seg).
  • Og når du er på plass ved skulen; kast deg ut i det. Ikkje vér redd for å vera sosial. Meld deg inn i klubbar og bli kjend med folk. Trivsel er så utruleg viktig når du er langt vekk heimifrå.

Verda blir mindre for kvar dag og fleire studentar vel studier utlandet. Er du i tvil, vel å reise til utlandet, det vil gje deg livserfaring og opplevingar som ingen norsk utdanning kan gje deg.

 

20 år gamal jente, fødd og oppvaksen i Telemark. Bloggar om livet som internasjonal student ved University of Stirling, Skottland.

Les alle innlegg av

Skriv en kommentar