skule
Helse & Livsstil

Kva eg tenker når eg tenker på skule og framtid.

22. mars, 2011 av

Som så mange andre atten-/nittenåringar, er eg midt i søkeprosessen til vidare utdanning. Og som så mange andre blir eg meir og meir usikker for kvar dag som går. Eg loggar meg på samordnaopptak si heimeside, og sit og stirrar på dei ønska eg har satt opp, og kvar eg har plassert dei i høve prioritet. Med ein gong tek usikkerheita meg. Er eg sikker på at eg er komfortabel med litteratur som fyrste prioritet? Skal eg verkeleg søke Psykologi årsstudium, er det noko eg faktisk har lyst til å studere om det kjem til stykket? Kva med høgsskular? Kvar ser eg eigentleg meg sjølv om fem eller ti år? Sjølvtvil er ofte sterkare enn sjølvtillit.

Anette skreiv for nokre månader sidan eit flott og forklarande innlegg til alle oss som går gjennom nettopp denne søkeprosessen. Néa har også skrive tips til søkarar om korleis velge det beste studiet eller framtidsvegen for seg sjølv. Og godt er det, for rådgjevarane er ikkje alltid like hjelpsame som først antatt. Sjølv fekk eg eit spørsmål om kva eg ville bli når eg vart stor, og ei liste over skulane som tilbydde spesifisert utdanning innanfor det feltet. Utan nokon spørsmål om kva eg kan tenke meg å studere for å oppnå den kompetansen eg treng. Korleis eg vil spesialisere meg på feltet, eller korleis eg ser for meg framtida mi. Dersom eg ikkje kan svare på desse spørsmåla, og sjå at dei samsvarar med det fagfeltet eg har fått interesse for – korleis kan eg då vere sikker på at det er noko eg kjem til å trivast med?

Eg har to store bekymringar når det kjem til hausten. Den første er: Kva om eg vel feil studium? – Kva om eg ikkje trivst i det heile tatt? Kva om eg er kjempedårleg og stryker? Det andre er: Kva om eg ikkje kjem inn? Kva gjer eg då?

Det er lett å miste perspektivet i denne prosessen. Det er lett å gløyme at uansett kva som blir bestemt i sommar, eller korleis ting utspelar seg til hausten, er ikkje det nødvendigvis korleis framtida vil utarte seg. For litt sida skreiv eg på min personlege blogg, at eg fekk vondt i magen med tanke på skulfråveret mitt. Då fekk eg ein fin kommentar frå Tine Katrine; “Ikke ha for vondt i magen på grunn av skolen, det er ikke det viktigste”.

Det er ikkje det viktigaste.

Fredag 11. mars var Sir Ken Robinson ein av gjestane på Skavlan. Eg var heime og sat i stova saman med mor mi og veslebroren min. Eg hadde aldri hørt om nokon Sir Ken Robinson før, Sir Ian McKellen og Sir Paul McCartney, ja, men ikkje Ken Robinson. Det viste seg at han hadde blitt adla grunna sin store innsats for å betre skulegongen og korleis vi blir utdanna. Akkurat denne fredagen var eg ganske sliten. Det var jordskjelv i Japan, der ei venninne av meg er utvekslingsstudent, og skulemotivasjonen min hadde nådd botnen. Min interesse for utdanningspolitikk kunne ikkje vore lågare, og eg hugsar eg tenkte kor urettferdig det var å diskutere nettopp dette på ein fredagskveld. Dette var før han byrja å snakke.

Det viste seg nemleg at Sir Robinson hadde skapt ein ganske stor kontrovers då han gikk ut og sa at “School kills creativity”. Noko som sjølvsagt greip interessa til ein sliten og skulelei attenåring. Heile livet mitt har nemleg, i større grad, evolvert rundt det å gjere det bra på skulen. Lenge har det vore alt eg er. Skuleflink. Eg har aldri hatt noko problem med det, eg likar å lære. Det er, på mange måtar, mitt forté.

Likevel har eg, i større grad, dei siste månadane merka ein likesæl(likegyldig) haldning komme krypande. Noko som i stor grad er knytta til den stadig minskande skulemotivasjonen min. Å miste både motivasjonen og sæla til skulen blir fort ein vond sirkel. Det tærer på sjølvtilliten og ein mistar trua på at ein kan klare det ein på eit tidspunkt gjorde så bra. Karakterane synk kanskje, og når ein først skal komme ajour igjen, verkar det å vere alt for seint. Sånn sett har eg vore heldig, karakterane mine har ikkje lidd noko stort tap, men eg merkar eg har mista trua på min eigen kompetanse.

I forrige veke hadde eg ei innlevering i faget Politikk og Menneskerettar, eit fag eg syns er utruleg interessant, og som eg sterkt ønsker å gjere det bra i. Temaet var konflikt og konfliktløysing, og oppgåva mi handla om forhaldet mellom Cuba og USA. Eg la utruleg stor innsats i å finne gode kjelder. Bakgrunnsarbeidet var gjennomført og ordentleg. Likevel, når eg skulle sette meg ned å skrive, fekk eg det ikkje til. Orda ville ikkje komme til meg. Formuleringane mine verkar dumme og påtvungne. Fem dagar sat eg og skulle skrive oppgåva. Eg byrja skrive, for så å slette alt i vill frustrasjon. Til slutt satt eg på innleveringsdagen med berre ei innleiing, det endte med at eg skreiv alt eg kunne. Eg følgte disposisjonen min, men modifiserte den ikkje. Tidsklemma tok meg, og eg leverte eit første utkast. Det er den verste kjensla eg veit om, å vite at eg har levert noko less than mediocre. Det var då eg byrja å gruble over orda til denne adla briten. Har skulen drept motivasjonen min?

Det fins ei grense til kor langt ein kan dra det er skulen sin feil kortet. Alt botnar i sjølvdisiplin og personleg ansvar. Men burde ikkje det vere skulen si hovudoppgåve å motivere meg til å ville skrive? Er det ikkje skulen sitt ansvar å gi meg ein grunn til å vere sjølvdisiplinert, til å ta ansvar over mi eiga utdanning?

Sidan eg var elleve år har eg visst kvar eg ser meg sjølv som femogtjue, som tredve, som trettito. Eg vil bli journalist, kanskje også forfattar. Eg vil skrive, ta bilder, reise jorda rundt og rapportere kva som skjer. Eg har ingen behov for å vere på fjernsyn, eller i radio. Ingen trang til rikdom eller berømming. Alt eg vil er å reise og skrive, det er alt. Vidare utdanning har alltid vore sjølvsagt i mi bok. Det har aldri vore noko spørsmål om eg ønsker å gå på universitet etter tre år med studiespesialiserande. Det har sagt seg sjølv, det seier endå seg sjølv, at dette er noko, som for meg, er riktig. Endå, etter alt slitet på ungdomsskulen og vidaregåande, sit eg i ein liten kjellarhybel og er livredd for at karakterane mine er for dårlege. For at fråveret mitt er for høgt, at eg har øydelagt mine sjansar for å lukkast i livet.

Ein kan ikkje hoppe av samlebandet, seier dei, då går det aldri bra. Ein blir ikkje yngre, ein må smi medan jernet er varmt. Det fins tusenvis av ordtak og metaforar om hardt arbeid og disiplin, nok til å skremme livskiten ut av oss førstegangssøkerar. Sjølv har eg registrert at fleire av mine medelevar skal ta friår, derav mange skal ta opp igjen fag og forbetre vitnemålskarakterane sine. Blir ikkje det feil – at det er først no vi byrjar å bli klar over alvoret? Er ikkje poenget med vidaregåande utdanning å gi oss fagkompetanse og forberede oss for den vidare utdanninga? Viss ikkje, kva gjer vi her då?

Kristina (18) kjem frå det forblåste vestlandet, så langt ut mot havet ein kjem. Ein ekte nordfjording med ein forkjærleik for kunst, litteratur, politikk, foto og språk, er draumen å ein gong bli fotojournalist og forfattar. Ei lita jente med store ambisjonar. Du kan lese meir om ho på hennar personlege blogg, kristinakvaale.wordpress.com.

Les alle innlegg av

2 kommentarer

  1. oda celine sier:

    jeg valgte feil. men ingenting er mer feil enn at man får noe ut av det, jeg er enda sikrere på hva jeg vil og jeg har prøvd å studere på et universitet og prøvd å gå til eksamen på universitetet, og satser enda mer på at andre gang går bedre – og alt er ikke helt nytt.

Skriv en kommentar