utvalgte emner i katastrofefysikk
Sosiale Medier

Do you like them books?

2. februar, 2011 av

Det fins ingenting på denne jord, med unntak av vener og familie, som eg setter høgast, enn det å lese. Heilt sidan eg var lita har bøker vore ein plass å søke tilflukt. Ein plass å drøyme seg vekk i og leve eit heilt anna liv. Den aller fyrste boka eg las, som var utan bileter, var fyrste boka i Gulltopp-serien. Eg var seks år, og hadde til då berre lese korte, illustrerte bøker. Eg hugsar då eg var fire år, eg kunne berre nokre få bokstavar i alfabetet, takka vere eit syskenbarn som ville lære meg å lese. Ho var (og er for den saks skuld) fem år eldre enn meg, og var mitt store barndomsidol. Ei slags storesyster eg aldri hadde, og ho las.

Eg hugsar utruleg godt den dagen eg var ferdig å lese Gulltopp. Kvart friminutt og kvar kveld etter leggetid, sat eg og las. Kva boka handla om har eg forlengst gløymt, men eg hugsar at eg elska ho. Den kvelden då eg endeleg kom til siste setninga på siste sida, var eg stoltare enn eg nokon sinne før har vore. Utan å tenke på at det var langt over mi leggetid, spratt eg ut av senga, eg hadde mummipysj på, og sprang ut i stova til mamma for å fortelle ho kor flink eg hadde vore. Eg var seks år og eg hadde lese ei heil bok. Eg var superhelt.

Dette er så klart fleire år sidan, tretten i mai, om eg rekna rett, men det er noko ved den fyrste boka du les som barn, som definerar deg for resten av livet. Den fyrste boka du les, og dei du les etterpå, bestemmer kven du er som lesar. I min barndom las eg mykje Gulltopp og Bobseybarna og Frøken Detektiv, men ikkje Hardy-guttene. Det fekk veslebror ta seg av. På mange måtar har eg vore utruleg heldig som har vakse opp i eit lesemiljø, med tilgong til utruleg mange bøker. Noko som også har vore med på å forma min identitet som lesar, og eg har lese ein del.

Eg las min fyrste klassiker då eg var ti, eg las David Copperfield av Charles Dickens, og ei ny verd opna seg framfor auga mine. Det var då eg byrja bli ambisiøs (les: pompøs) og laga mi aller fyrste leseliste, bøker eg må lese før eg døyr. På den stod Oliver Twist, Anna Karenina, Pride and Prejudice, Moby Dick, Døde Sjeler, The Catcher in the Rye, Jane Eyre, og eg jakta dei ned, og las dei med iver. Eg var nett blitt tolv år då eg las Anna Karenina for fyrste gong, og sjølv om eg ikkje forstod alt, og alle namna var like og forvirrande, så forstod eg at den var trist, og komplisert, episk og sår, og eg elska den meir enn noko anna bok.

Likevel er det ein ting eg vil understreke, det er ikkje berre kva bøker de les som definerar dykk som lesarar, eller kva tilgong de har til bøkene eller om familien din er literært interessert. For meste parten så er det to ting som er det viktigaste; kvifor du les og kva du får ut av å lese. Ein kan lese så mange viktige bøker ein berre vil, men dersom ein ikkje får noko frå dei, dersom dei seier deg ingenting, og du les dei kun fordi dei er viktige og du føler det er bøker du bør ha lese, så er det feil i følge meg.

De tenkjer kanskje at no er eg hyklerisk, for skreiv eg ikkje like oppafor at eg skreiv ei liste over viktige bøker eg MÅTTE lese før eg døde, då eg var ti og eit halvt år gammal? Det gjorde eg, og den lista har vakse noko enormt dei siste åtte og eit halvt åra, poenget er, at sjølv om eg las Karamasov Brødrene som fjorten åring, så ville eg lese den for min eigen del. Eg ville sjå om den sa meg noko, om eg fekk noko ut av den. Eg har lese mange bøker, ein del viktige bøker, som eigentleg vil sei Penguin Classics, og ein del mindre kjende, og det er ikkje slik at eg automatisk elskar alle klassikarane.

Til dømes er eg ikkje så utruleg glad i Karamasov Brødrene, den er komplisert og langdryg og har utruleg mange detaljar. Derimot elskar eg Crime and Punishment, som også er skrive av Dostojevski. Det er viktig å hugse at berre fordi ei bok har ein kjent forfattar, gjer ho ikkje automatisk bra. Dessutan er det viktig å ta til berekning at ingen likar dei same tinga, slik er det med alt. Litteratur, musikk, sport, kunst, menneske. Les for din eigen del, les det du ynskjer å lese, det du lærer av, det som får deg til å forsvinne inn i ditt eige hovud, i eit univers som berre er ditt. Les aldri for å behage andre. Og høyr på denne spelelista, for den er utruleg flott å lese til.

Kristina (18) kjem frå det forblåste vestlandet, så langt ut mot havet ein kjem. Ein ekte nordfjording med ein forkjærleik for kunst, litteratur, politikk, foto og språk, er draumen å ein gong bli fotojournalist og forfattar. Ei lita jente med store ambisjonar. Du kan lese meir om ho på hennar personlege blogg, kristinakvaale.wordpress.com.

Les alle innlegg av

3 kommentarer

  1. Marte sier:

    Utrolig bra innlegg! Takk :) Husker også godt den første boken jeg leste. Var så utrolig stolt! Også husker jeg at jeg leste Anne Frank opp og ned i mente når jeg var rundt 9-10 år.. Hehe… Det var den første boka jeg leste som var VIRKELIG lang.. :)

  2. INGRID sier:

    Knallbra innlegg :)
    - Eg lurte på om nåken av dåkke har ein bra blogg skrive av ein utvekslingsstudent? Eg finn omtrent ingen som skriv skikkelig! – Dåkke er så flinke! :D

Skriv en kommentar