BobDylanQuote
Tips

Kristinas fem favorittar: inspirasjon

24. januar, 2011 av

Inspirasjon er noko selektivt, noko heilt særeigent og personleg for kvart individ. Det som endrar måten nokon ser på livet, kan for andre berre vere eit vindkast, eller eit sukk. Det er så mange forskjellege faktorar som skal stemme før inspirasjonen og kreativiteten kjem og bankar på døra. Ein må vere i rett stemningsleie, tenke dei rette tankane, kjenne dei rette kjenslene, det rette vindpustet. Kvar kreative tanke vi tenker er eit resultat av slik inspirasjon. Ofte merkar vi den ikkje, idéen har kanskje berre komme til oss, som eit innskot før ein sank inn i den djupaste søvnen. Difor er det enkelt å ta inspirasjon for gitt. Det er fyrst når inspirasjonsorganet i kroppen vår byrja streike, at vi merkar nettopp kor dyrebar den eigentleg er.

Inspirasjon kan vere så mangt, det kan vere alt frå ein idé til ei bok, til noko så kvardagsleg som å stå opp om morgonen. Difor har eg laga ei liste over dei nettstadene som eg finn mest inspirerande i kvardagen.

1. Bokelskerer

Bokelskerer er noregs svar på Goodreads, og kan på mange måtar kallast bøkenes facebook. Eit nasjonalt diskusjonsforum for bokentusiastar. Her legg ein til bøker til sin personlege profil og kategoriserar dei som ein vil:

Likt twitter, finn ein folk ein kan følge, og ein får følgerar. Ein kan diskutere forfattarar, bøker, bokmeldingar, ja, alt innanfor det litterære. Sitat, lister, bøker, ja, så og sei alt er mogleg på denne sida. Noko som gjer nettstaden til ei skattekiste full av inspirasjon, om ein er skribent eller forfattar og treng hjep til å skrive ein tekst. Eller om ein berre treng inspirasjon til å komme i gong med å lese igjen, det er berre å besøke denne sida.

2. Advice to Writers

Denne sida fann eg via Binka her om dagen i eit innlegg ho hadde skrive om korleis ein unngår skrivesperre. Det var kjærleik ved fyrste blikk. Denne sida oppdaterast kontinuerleg, og her finn ein sitat og råd frå forfattarar om det å skrive. Om kva deira definisjon av litteratur er, eller kva dei meiner er vanskeleg eller enkelt, og kvifor dei skriv. Denne sida er eit definitivt must-read for alle som er interessert i skriving, og ynskjer ei karriere innanfor litteratur. La det vere sakprosa eller skjønnlitterært.

3. Trendland

Dette er ei heilt genial side. Dersom inspirasjon hadde hatt ei heimeside, hadde dette vore den. Her er foto, mote, mat, kultur, design, kunst, alt. Og det aller finaste med heile sida, er at alle bileter, alle verk som blir lagt ut, kjem med full kjelde liste. Her står fotograf, modell, magasin og når det kom ut. Noko som gjer det enkelt for bloggerar og andre medier å bruke bileta, filmane, illustrasjonane, utan å bryte copyright eller å måtte bruke fleirfaldige timar på å prøve å finne den opphavelege kjelda.

4. Tumblr

Tumblr er ei fin inspirasjonsside. Likt Bokelskerer, finn ein brukarar å følge, og ein får følgerar. På nettlesaren sin kan ein installere ein Tumble it knapp, som ein trykker på dersom ein finn noko inspirerande, som ein ønsker å dele. Tumblr er i hovudsak ein blogg, samstundes som det er bloglovin, all wrapped into one. Det dei du følger legg ut på sin tumblrblogg, kjem opp på dashbordet ditt, og ein kan hjarte det eller reblogge som ein sjølv ønsker. Det einaste negative med tumblr er den ukritiske delinga av media, utan å ta hensyn til kjelder. Noko som gjer det vanskeleg for oss med eit genuint ønske om å ikkje bryte common rights. Fleire gongar har eg sett heilt eineståande bileter, men då eg har trykt på reblog knappen, har biletet komt opp utan gyldig kjelde, og i nokon tilfeller, heilt utan kjelder. Som gjer at eg ikkje kan legge ut bileta utan å bryte copyrighten.

5. Bloglovin

Alle bloggerar kjenner vel til denne sida, og eg er ikkje den einaste her på magasinet til å ha bloglovin blant mine topp fem nettstader. Likevel så må det seiast, at det fins vel ikkje ein meir genial plass for å organisere inspirasjonen sin. Det beste, i følge meg, er at ein kan lagre dei innlegga som har gjort mest inntrykk på ein, til ei heilt eigen Liker-mappe, slik at ein aldri mister dei.

Inspirasjon er ikkje berre forbeholdt dei kunstneriske. ein treng ikkje skrive ein ny ulysses eller måle det sikstinte kapellet i stovetaket. Kanskje treng ein berre å lage middag, ringe nokon du ikkje har snakka med på lenge, kysse den gutten du er forelska i. Faktisk så er det desse små, kvardagslege, innfalla som legg grunnlag for dei større idéane.

Kristina (18) kjem frå det forblåste vestlandet, så langt ut mot havet ein kjem. Ein ekte nordfjording med ein forkjærleik for kunst, litteratur, politikk, foto og språk, er draumen å ein gong bli fotojournalist og forfattar. Ei lita jente med store ambisjonar. Du kan lese meir om ho på hennar personlege blogg, kristinakvaale.wordpress.com.

Les alle innlegg av

3 kommentarer

  1. Stine sier:

    Tusen, tusen takk for tipsene!

    Jeg liker virkelig disse topp fem-artiklene deres. Dere gjør et strålende arbeid.

  2. Dorthea sier:

    Åh, jeg elsker Bokelskere!

  3. Karen Marie Kvåle Garthus sier:

    Takk for gode tips, Kristina:)

Skriv en kommentar