_MG_0993 copy
Bloggskatter & Fotografer

Do you like it Vintage?

23. desember, 2010 av

“Du ser ut som Ingrid Bergmann” kvitrar damene på Tonica Vintage i det eg snurrar meg ut av prøveværelset. Eg smiler forsiktig og lar fingrane gli over den grøne silkekjolen, “Eg kjenner meg som Ingrid Bergmann”. Stemma mi er stille, knapt høgre enn eit sukk, korleis kan ein kjole påverke meg så mykje?

Eg har aldri vore den der jenta, motejenta. Ho som har det mest oppdaterte klesskapet overfyllt av trendy bukser og kjolar, eg har vel heller vore litt det motsette. Det er jo slik, at ein vil sjå bra ut, ta seg godt ut, men for meg har ikkje det ment å gå i det alle andre går i. Stilvis har eg lenge vore ganske vekke, redd for kva folk syns og berre prøvd å gli inn, bli ubemerkeleg. Eg har hatt hettegenserstilen og hard-rock stilen, men har aldri opplevd å vere knytta til eit plagg. Fram til no nyleg.

Det byrja med ein kjole, ein grøn silkekjole frå 40-talet. For fyrste gong tok eg på meg eit plagg og kjende meg som eithundreprosent meg. Det var som ein revolusjon. Ein kjole var ikkje lenger berre eit plagg, men noko som fekk meg til å føle meg vel. Noko som sa noko om kven eg var og kva eg ville. Fyrst var det skummelt.

Eg hugsar fyrste gongen eg hadde på meg ein kjole på skulen – magen var ein orkan av sommarfuglar og eg hadde mest lyst å springe heim og skifte til t-skjorte og dongeri. Forsvinne i mengda. Likevel tok eg på meg ein kjole dagen etterpå, og dagen etter der, og når eg handla, så handla eg kjolar. Og sakte men sikkert, vart eg med i kjoleverdas dragsug. Alt vart vintage og alt vart second hand og eg vart meir meg sjølv enn eg nokon sinne har vore.

Som alle andre kunstformar er klesstil noko som treng oppmuntring og inspirasjon. Den er personleg, og den einaste som treng å like den eller kjenne seg vel i den, er ein sjølv. Der er ingen fasit, ingen kan fortelje deg kva du skal gå i, eller kva som er vakkert – for det er det berre du sjølv som kan bestemme. Likevel er det kjekt med inspirasjon, plassar og hente idéar frå, og dersom du er eit vintagevrak som underteiknande, vil desse bloggerane definitivt skape eit sirkus av inspirasjon i hovudet ditt.

+ Sandra Beijer

Foto: Sandra Beijer

Sandra Beijer. Ei skattekiste av inspirasjon for alle med interesse for foto, mote, musikk, mat eller literatur. Ho har ein elegant, morosam og nydeleg gjennomført vintagestil, der ho blandar gamalt med nytt, merke med second-hand. Klesskåpet hennar er som ein godtepose, og du har lyst på ein liten smakebit, berre litt. Ein kan umogleg besøke bloggen til Sandra utan å bli fyld av glede og inspirasjon. Likar du vintage, likar du Sandra.

+ Martotopia

foto: Tiril Hauan

Marte har ein klassisk, stilrein garderobe, ho syr sløyfer og kjolar sjølv. Ein blir dradd tilbake til 60-talet når ein besøker bloggen hennar, og ein har berre lyst til å vere der for alltid. Den er full av vakre sløyfer, kjolar og inspirasjon. Marte sin blogg er eit godt eksempel på korleis kle kan vere ein måte å uttykkje sin eigne særegne personlegdom. Denne bloggen er vakker, den er Bob Dylan og Brigitte Bardot; elegant, men ikkje overveldande. Nydeleg.

+ Elsa Billgren

Foto: Elsa Billgren

Bloggen til nydelege, svenske Elsa Billgren, er litt som Alice i Eventyrland, fortryllande. Her finn du nydelege kjolar, prinsessekjolar, frå 50- og 60-talet. Ein kjolehimmel altså. Ved siden av draumeaktige kjolar, skriv Elsa også vakre tekstar om kjærleik og livet, ho tek heilt fantastiske bileter, å vere på bloggen hennar er som å vere med i eit eventyr. Det er så vakkert.

Motebloggar er noko som nesten er blitt eit skjellsord i nokre samanhengar. Men ein moteblogg kan vere så mykje meir enn dagens Bik-bok outfit eller Paris Fashionweek. Mote er ikkje det alle andre går i, eller kva som nødvendigvis det nyaste Vogue og Elle skriv om, mote er personlegdom. Det er det du sjølv gjer det til, det er din eigen oppfatting av det som er vakkert, det som er komfortabelt, det som er deg. Alt er mote, for mote er kunst, og i bunn og grunn er alt kunst. Alt.

Kristina (18) kjem frå det forblåste vestlandet, så langt ut mot havet ein kjem. Ein ekte nordfjording med ein forkjærleik for kunst, litteratur, politikk, foto og språk, er draumen å ein gong bli fotojournalist og forfattar. Ei lita jente med store ambisjonar. Du kan lese meir om ho på hennar personlege blogg, kristinakvaale.wordpress.com.

Les alle innlegg av

1 kommentar

  1. Caroline sier:

    Jeg bare elsker, elsker, elsker dette innlegget Kristina!

Skriv en kommentar