MG_4823
Bloggskatter & Fotografer

Når ein står tidleg opp om morgonen

30. november, 2010 av

Morgonane mine startar alltid likt. Mobilen ringer tre gonger på eit kvarter og eg gryntar meg ut av senga. Ute er det mørkt og kaldt og eg vil ikkje nokon ting. Det einaste eg vil er å gøyme meg under den varme dyna og drøyme om sommar og varme land. I staden for tuslar eg inn på kjøkkenet, eg har på meg den raude kimonoen min og ullester. Radioen forkynner P3 morgon og eg skrur på kaffitraktaren. Forsiktige traktelydar blandar seg med Mjød av Kvelertak, eg et müsli med melk og bær og tenkjer at eg skulle hatt ei avis. Stille vurderar eg å ta opp igjen abbonnementet mitt på Klassekampen, eller kanskje Aftenposten? Dette tenkjer eg kvar morgon, og eg gjer aldri noko med det. I staden opnar eg macen. Eg sjekker nyheitssidene og så klikker eg meg inn på ei av dei viktigaste morgonsidene mine. Bloglovin.

Kaffien min er forresten ferdigtrakta no, eg fyller starbuckskoppen eg kjøpte i Praha og heller resten av kanna i termosen. Den skal få halde meg i live gjennom heile skuledagen. Hybelen er heilt stille, med unntak av radioen – eg er den einaste som er vaken. Eg tar ein stille slurk av kaffikoppen, medan augene refokuserer på dataskjermen. Bloglovin, ja, 142 nye innlegg. Eg smiler for meg sjølv og skrollar ned gjennom sida. Ikkje alt er like interessant. Eg klikkar meg inn på innlegg etter innlegg, ler litt for meg sjølv og trykker liker.

Medan eg lagrar nokre innlegg, legg til nye bloggar og drikk stadig meir kaffi, lurer eg på om eg er den einaste som driv på slik om morgonen. Sminkelaus og i kimono kan eg sitte slik i underkant av ein time før eg ryddar saman og gjer meg klar for skuledagen. Det er kanskje litt sært, men også ein ubeskriveleg fin måte å starte dagen på. Eg finn nye skattar og gøymer dei i mi personlege skattekiste, for å ein dag kunne dele med resten av verda. Her er ein liten forsmak:

Love Letter Papercuts

Mitt i lugnet infinner sig en känsla av disharmoni. Hjärtslagen rusar när jag tittar på högen med böcker som ligger huller om buller på nättsängsbordet bredvid mig. Så många rader som ska läsas. Så många ord som ska analyseras. Så många timmar som jag skulle behöva spendera tillsammans med den där högen.

Svenske Ida (22) bur på Västerås saman med kjærasten sin og studerer litteraturvitskap. Ved siden av studiene er det foto og skriving ho bruker mest tid på. Bloggen hennar er eit flott samansurium av vakre tekstar og eventyraktige bileter. Noko finare enn det fins det vel ikkje?

Jeg heter Marlou

Ein av dei mest inspirerande og draumeaktige bloggane som fins akkurat no, er skriven av 21 år gamle, nederlandske Marlou. Ho har budd og studert i Noreg i eit år og studerer skandinavisk språk og kultur med norsk som hovedspråk og minor i sosiolingvistikk. Marlou sin blogg er eit eige, lite eventyrland. Ein nydeleg blogg full av vakre bileter, inspirasjon og herlege tekstar om kjærleik og alt som er. Det er ein blogg å bli glad i, og det blir ein etter fyrste augekast.

Through the Looking Glass

18 år gamle Andrea Ellefsen er den kreative sjela bak denne flotte bloggen. Her legg ho ut bileta sine, eigne filmar, samt små daglegdagse oppdateringar. Dette er på ingen måte ein keisam blogg, den er inspirerande og motiverande. Full av inspirasjon og kreativitet er den nesten vakrare enn eit kaffeinsjokk før skulen.

Desse bloggane er vidt forskjellege, både i språk og innhald, men dei har ein ting til felles; dei er perfekte å lese tidleg på morgonen når ein drikk kaffi til soloppgongen. Enjoy.

Foto: tilhøyrer nemnde bloggarar.

Kristina (18) kjem frå det forblåste vestlandet, så langt ut mot havet ein kjem. Ein ekte nordfjording med ein forkjærleik for kunst, litteratur, politikk, foto og språk, er draumen å ein gong bli fotojournalist og forfattar. Ei lita jente med store ambisjonar. Du kan lese meir om ho på hennar personlege blogg, kristinakvaale.wordpress.com.

Les alle innlegg av

2 kommentarer

  1. Marlou sier:

    åh, så søt du er! takk! :)

  2. Kristinemar sier:

    Dette var virkelig bra skrevet! Hadde jeg bare ikke vært så lat, så tror jeg faktisk jeg hadde holdt på som deg også. I friminuttene må jeg alltid sjekke om det er noen som har oppdatert bloggene sine og der står jeg og smiler som en annen raring. Haha. Men det er så utrolig koslig å lese fine, motiverende, inspirerende og ikke minst spesielle blogger. Jeg husker for 2 år siden da jeg var en ivrig blogger på hest.no og sjekket hvert eneste blogginnlegg som poppa opp som “nye innlegg” og der satt jeg med fyr i ovnen og titta inn i skjermen. Alt var så koslig, og jeg savner at jeg bare kan sitte der og lese interessante ting, samtidig som jeg virkelig koser meg og bare slapper av. Jeg har lett etter den følelsen lenge, og jeg tror jeg virkelig begynner å få den igjen etter å lese her på Bloggermagasinet. Jeg gleder meg sinnsykt til det kommer enda mer lesestoff innpå her til meg. Stå på, for dette prosjektet kommer virkelig til å gå bra! Dere kommer til å nå ut til mange personer! :)

Skriv en kommentar